1981: Min musikalske karriere starta i 1981. Eg hadde fått meg elgitar og var klar for å spele i band. Tore Steen (Trommer) og Jan Tore Kilnes (Bass) delte interessa for å få i gang eit band, og 29.november var første øving unnagjort. Og namnet: BLACK OCEAN BAND. Jan Tore hadde aldri spelt bass før så vi måtte ha eit intensiv kurs i kjellaren heime hos meg. Vi hadde eit par jobbar på nokre elevkveldar på ungdomskulen, men popstjerner vart vi aldri. Bandet vart og etterkvart utvida med Tore Gotteberg (Yamaha husorgel og MOOG), seinare med Kjell Naustdal (sang og sjåfør). Arne Kjelsnes (Gitar) kom med etter at Tore G hadde forlete bandet.

Høgdepunktet i denne perioden må ha vore den lange turen til Kalvåg og dansetilstelninga der, våren '83 (trur eg?). Det vart mange historier ut av den turen og mang ein latter etter ein bra fest og særdeles "rocka" opplevingar. Men og musikkens dag i Førdehuset sit som spikra, med Målfrid Nydal Holsen og Responz. Huskar ikkje korleis dette kapittelet i mi musikalske historie enda, men det vart i allefall oppløyst sånn etter kvart.

1983: So kom åra på yrkesskulen og oppstart av nytt band: SINGLESIDE BAND. Medlemmane var alle elevar i klassen for Radio og Tv - reperatør, og namnet vart henta frå radioteorien. Trond Hellebust (trommer), Leidulf Skår, (bass), Bjørn Haugland (gitar) og meg sjølv. Kan ikkje huske at vi var ute å spilte på noke, men vi øvde jamt og trutt i Aulaen på yrkesskulen. Vi ga oss etter at vi var ferdige med skulen. Bjørn H var eit unikum på gitar, og det var alt for synd at han skulle gå bort i alt for ung alder nokre år seinare.

1985: Etter yrkesskulen for eg i millitæret, og var med i eit revyband på Jørstadmoen, vinteren '85. I revyen spilte blant anna Øystein Mund, kjend frå Tv2 og programmet "Gyldne tider".

1986: Etter millitære starta eg i jobb og øvde no jamt å trutt på gitaren og var klar for nye oppdrag. Ut på vinteren fekk eg spørsmål i frå Kenneth Thingnes om å vere med i eit prosjekt som han ville starte. 

1987: Eg takka ja, og FROZEN FRUIT var eit faktum.Bjørn Øyvind Berge og Håvard Ripe spelte gitar, Gudmund Eimhjellen spelte bass og Geir Tveita trakterte trommene. I tillegg til Kenneth på Keyboard og meg sjøl som vokalist. Vi øvde i gamle meieriet i Naustdal, og skreiv etter kvart ein del låtar sjølv.

1988: Foreløpig høgdepunkt: GLOPPEROCK Coca-Cola talentkonkurranse. Sola skin og 3000 publikummarar satt og var klar for Good Time Charlie, DanceWithAStranger og Magnum, og der kom vi... For eit kikk! Full fest etter tre låtar på scena, og jamming med Elgen under scena. Vi vant ikkje talentkonkurransen, men festen...hehe. Etter nokre jobbar blant anna oppvarmingsjobb for DWAS i førdehuset, høgt flygande planar og øving i Naustdal, enda det med "skilsmisse" og avlsutning av dette kapitelet.

1989: Litt usikker no på årstalla her, men THE CHANCE såg dagens lys rundt denne tida. Almar Bruland, Arnold Masdal og Geir Tveita trengde ein vokalist/gitarist og så var vi igang. Nokre sjølvlaga låtar og cover av DumDum, Neil Young m.fl. utgjorde repetoaret og Påskerocken på Eides Hotell (Joss pub)i Høyanger, var første arena for bandet. Syns å huske at vi ble godt mottatt og festen varte til den lyse morgen. Etter kvart vart repetoaret utvida, og Arve Sæterlid kom inn som vokalist nummer to. Spelejobbar i Bremanger og på Sandane huskes med glede, og nok ein gong skulle eg få stå på Glopperock-scena.

90talet: Så fulgte nokre år med coverlåtar i lag med Roger Pettersen (bass), Asbjørn Wie (keys), Atle nordahl nilsen(trommer) og arve sæterlid (vokal). NoName og Nolimit var namn på desse prosjekta. Festlandsrevyen såg sin opprinnelse i samband med ein konsert på "Gitarguff" på festplassen i Førde, Roger P og Arve S, i lag med Øystein Litlere på trommer.

Så var det tid for blues og White Boys Playing the Blues såg dagens lys. Roger P, Atle NN og Asbjørn W hang med, i lag med Jens Petter Dyrdal på vokal. Einar Fossheim var innhoppar på sax. Glopperock var eit høgdepunkt, i lag med to kveldar på Øren hotell i Høyanger. Etter kvart fekk vi spelt inn nokre låtar i NRK studio og havna på førsteplass på fylkestoppen, faktisk tre gangar på rad med "High healed woman". Kult... Så gjekk slik det vanlegvis går med band med altfor sterke personlegheiter, Jens slutta. Vi ville forsette og fekk med Steinar Vie på vokal og munnspel. Eit par artige jobbar på Riverside må seiast å vere verdt å hugse, med trommisar som måtte luftast og gitarist som fekk kjeft for øldrikking m.m. Opptak gjorde vi og, med NRK sin reportasjebuss utanfor riverside. Det vart ikkje noko kjempeopptak og vart aldri noke meir ut av. Og det enda med oppbrudd dette og.

Så dukka Einar opp og lurte på om eg ville vere med i Vi2...

(fortsettelse følger...)

 

 

 agmp.no

 

 

 

 

 

 

 

agnar@agmp.no

agmp.no © 2007• webdesign: agn-art

 heim   biografi    multimedia    foto